Gamle hus på Tørla og Humla
ved Lars A Grønningsæter.
Noen gamle hus er revet, men noen står fortsatt her og der
Dette Tørlen-huset ble bygd i .... av ....
.
Det er nylig malt gult. Den opprinnelige fargen var vel
rød eller hvit tenker jeg. Eller uten maling hvis det ble
for dyrt.

Et Hankehus er ennå bebodd av en Hanken.
En epost til Odd K Hanken om hvem som bygde huset ga
følgende svar:
Bygdeboka for Borgund og Giske er det einaste som har litt
lokalhistorie for desse øyane. Huset... ja, det heiter
Skulestova, eller meir korrekt Skulestøvå , sidan
det ligg på Skulegarden. Historia til huset er litt uklar,
eg reknar med at inste delen vart sett opp da garden vart skilt
ut i... eg må slå opp dette ein annan gang. Eg meiner
at eg har høyrt at den vart flytt hit frå Sykkylven,
men eg veit ikkje kvar eg har det frå, så det kan
vere feil. Den ytste delen (nærast vegen oppover hit til
meg) vart bygd til ein gang på 1800-talet, det bør
vere mulig å verifisere... trur eg. Og opphavet til
gardsnamnet, det er Ole Ottesen Gjerde (Ole Skoleholder) som var
den som rudde denne plassen i 1775. Ytste delen (no har eg henta
boka) vart bygd av Knut Sivertsen Volstad som var brukar
frå 1819 - 57, så rundt 1820 kan eg tenke meg at den
vart sett opp, han gifte seg same året som han tok over
bruket. Første sjølveigaren på bruket var
bestefar min: Severin Severinsen Hanken, han kjøpte det i
1892 (du dæven, eg må vere gamal som har hatt slik
ein bestefar!)